Det var norrøn busetnad i hovudsakleg to fjordar langs vestkysten av Grønland frå 982 til 1400-talet, dvs. i nesten eit halvt tusenår. Så forsvann dei norrøne grønlendingane sporlaust. Fleire moglege faktorar har vore lanserte: Klimaet vart kaldare med den vesle istida, noko som vart kritisk for den husdyrbaserte økonomien, som allereie hadde tært på det grønlandske jordsmonnet. Frå og med 1200-talet kom inuitane til Grønland og trakk sørover med isen då vintrane blei lengre, og konkurrerte då med den norrøne busetnaden om nokre av dei same ressursane. Arkeologiske funn har synt at kosthaldet dei siste åra truleg dreidde meir over mot sjømat som sel og fisk. Dei norrøne grønlendingane var ein europeisk utpost i den nye verda som langt på veg var sjølvberga, men handelseksporten av kvalrosstann og vadmål til Norge og Europa i byte mot jern og tømmer var like fullt ei viktig ressurskjelde. Fylgjene av nedgangen etter Svartedauden råka truleg hardt. Etter at Noreg gjekk inn under Danmark, kom dei viktige skipa frå Noreg sjeldnare og sjeldnare før skipsfarten stilna heilt.[3]

Den siste sikre skriftlege kjelda for norrøn busetnad på Grønland er frå eit giftarmål i Hvalsey-kyrkja i 1408. Då misjonæren Hans Egede kom til Grønland på 1700-talet for å finne ut av kva som var blitt av grønlendingane, fann han ingen nordbuarar att.

Kyrkja i Hvalsey.

I 1921 erklærte Danmark at heile Grønland og farvatna rundt skulle vera under dansk styring. Aust på Grønland hadde det vore norske fangstmenn ei tid. Etter kvart kjende nordmennene rettane sine krenkte, og i 1931 gjekk det så langt at nordmenn erklærte at delar av austkysten var norsk land. Det okkuperte området kalla dei «Eirik Raudes Land». Med andre ord vart det drege liner attende til norsk styre i gamal tid. Okkupasjonen vart erklært 28. juni 1931 i Myggbukta. Okkupasjonen vart stadfesta av den norske regjeringa 10. juli 1931. Helge Ingstad vart norsk sysselmann. Noreg og Danmark sa seg viljug til å la den internasjonale domstolen i Haag avgjera saka. Den 5. april 1933 vart okkupasjonen kjend ugyldig.

USA hadde etter avtale med den danske regjeringa baser på Grønland under andre verdskrigen.

I 1953 var kolonitida formelt over, og Grønland fekk status som dansk amt. I praksis var dette starten på ein storstilt integrerings- og fordanskingspolitikk av eit land som fram til andre verdskrigen hadde levd relativt isolert.

Øya fekk heimestyre i 1978 av det danske Folketinget med verknad frå 1. mai 1979. Det grønlandske heimestyret tek seg av lokalstyret. Utanriks- og tryggleikspolitikk, rettsstell og råstoffutvinning er styrd av danske styresmakter. I november 2008 røysta 75 % av folket på Grønland for auka sjølvstyre frå Danmark[4].

Noko av det første som vart bestemt etter at heimestyret vart innført var at det skulle haldast ei folkeavrøysting om Grønland skulle melda seg ut av EF. Grønland hadde følgd med då Danmark vart EF-medlem i 1973. Folkeavrøystinga gav 53 % fleirtal for å melda seg ut, og Grønland forlet EF 1. februar 1985. Grønland er dermed, saman med Storbritannia, dei einaste områda som har meldt seg ut av EF/EU.

Nord for sjølve øya Grønland finst fleire mindre øyar, mellom desse er Kaffeklubben. Kaffeklubben er den øya i verda som ligg lengst mot nord.

Hovudstaden på Grønland er Nuuk.

Grønland har 55.732 innbyggjarar (1995). Av desse er om lag 68 % inuitar eller eskimoar. 91 prosent av folkesetnaden er i vest, 1,6 prosent i nord og 6,3 prosent i aust.

Grønland var fram til 2009 delt inn i 17 kommunar: Nanortalik, Qaqortoq (dansk: Julianehåb), Narsaq, Ivittuut, Paamiut (dansk: Frederikshåb), Nuuk (dansk: Godthåb), Maniitsoq (dansk: Sukkertoppen), Sisimiut (dansk: Holsteinsborg), Kangaatsiaq, Aasiaat (dansk: Egedesminde), Qasigiannguit (dansk: Christianshåb), Qeqertarsuaq (dansk: Godhavn), Uummannaq, Upernavik, Qaanaaq (dansk: Thule), Tasiilaq (Ammassalik), Ittoqqortoormiit (dansk: Scoresbysund). I tillegg kom eit område utanom kommunal inndeling, som mellom anna omfattar den amerikanske Thule Airbase og Nordaustgrønland.

Frå og med ei administrativ nyinndeling i 2009 er det fire kommunar på Grønland: Qeqqata Kommunia, Kommuneqarfik Sermersooq, Qaasuitsup Kommunia og Kommune Kujalleq. Av dei 56.462 innbyggjarane bur 7.755 i Kujalleq, 20.998 i Sermersooq, 9.627 i Qeqqata og 17.867 i Qaasuitsup Kommunia, 215 bur i områda utanfor kommuneinnldelinga i Nordaust-Grønland-Nasjonalpark og Thule Air Base (1. januar 2008).[5]

Administrativ inndeling av Grønland