Wikipedia:Gode artiklar/Framlegg – Wikipedia
Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wikipedia:Gode artiklar
Snarvegar
WP:GA/K‎
Artiklar som skal merkast som gode må oppfylla
visse krav
. Alle kan føreslå moglege artiklar ved å følga trinna nedanfor. Deretter kan alle som vil lesa artikkelen nøye, sjå om han oppfyller krava, kommentera og røysta for eller imot. Om alle innseiingar blir ordna og artikkelen får
fem
eller fleire røyster for og ingen mot, kan han reknast som ein
god artikkel
Når ein artikkel har lege på kandidatlista i meir enn fire veker utan at nokon har røysta for eller endra artikkelen i tråd med innvendingar, kan han fjernast frå lista.
Dersom du har funne ein artikkel du synest er god kan du føra han opp på kandidatlista. Om du synest det er vanskeleg å følga punkta, eller synest han treng nokre små betringar før avstemminga, kan du føra han opp under
«Moglege kandidatar»
nedst på sida.
Gode artiklar
Kandidatar
Krav
Kategoriar
Geografi
Historie
Religion
Samfunn
Vitskap
Teknologi
Hjelpemiddel
Kandidatar
endre wikiteksten
Korleis ein føreslår kandidatar
endre wikiteksten
For å føreslå ein artikkel som god, fylg denne tredelte prosessen:
(erstatt
sidenamn
med namnet på sida du føreslår)
Rediger
(sidenamn)
Skriv inn denne teksten heilt
øvst
på diskusjonssida til artikkelen:
{{GA-kandidat}}
{{GA-framlegg|
sidenamn
}}
II
Lag avstemmingssida
For å lage avstemmingssida til artikkelen, skriv inn artikkelnamnet etter skråstreken i feltet under, og trykk «Føreslå ny artikkel». Fylg instruksjonane.
III
Legg til ei line på diskusjonssida.
Fyl
denne lenkja
og legg til ei line i den kategorien du meiner ho passar, slik:
{{GA-framlegg|
sidenamn
}}
Då er du ferdig! Du har føreslått ein artikkel til å verte rekna som god.
Dersom du vil føreslå ein artikkel som allereie har vore føreslått, legg du til
(andre nominasjon)
etter artikkelnamnet i boksen over, og skriv deretter
{{GA-framlegg|Artikkelnamn|(andre nominasjon)}}
i staden for
{{GA-framlegg|Artikkelnamn}}
som skildra over. Du byttar også ut
{{GA-kandidat}}
med
{{GA-kandidat|(andre nominasjon)}}
på diskusjonssida til artikkelen. (Dersom du ikkje forstår, berre
spør om hjelp
.)
Gode geografiartiklar
endre wikiteksten
Gode historieartiklar
endre wikiteksten
Sovjetunionen
endre wikiteksten
Kommentarar
endre wikiteksten
Omsett frå ein utmerka artikkel på bokmål. Etter ei skumlesing ser det bra ut.
Martin
8. januar 2011 kl. 23:29 (CET)
svar
Innvendingar
Artikkelen er informativ og godt skriven og har ikkje noko stor politisk slagsida verken eine eller andre vegen. Men han treng noko meir arbeid og gjennomgang. Eg har gått gjennom mesteparten av artikkelen og har nokre innvendingar. Det som må på plass før eg vil røysta for artikkelen er kjeldene (stor jobb!) og viktige bakgrunnsartiklar.
Eg synest at nokon bør sjå på kjeldegrunnlaget og få inn meir av kjelder og referansar. Under «Bakgrunnsstoff» står det ei lang lista med bøker og verk som sannsynlegvis er dei reelle kjeldene til denne artikkelen, og burde i så fall stå under «Kjelder». Wikipedia på bokmål har heller ikkje oppgjeve fleire kjeldert, bortsett frå referansar i teksten. Me har ingen referansar for eit einaste ord av det som står i innleiinga. Og kjelder treng me, både fordi mange fakta om Sovjetunionen kan vera kontroversielle og fordi faktaopplysningar generelt må kunna etterprøvast. Eg har alt retta ei galen /upresis faktaopplysning i innleiinga. Historie-bolken er det så vidt eg kan sjå ingen kjeldetilvisingar for, og det finnest mange opplysningar der som er nøydde til å ha konkrete referansar. Og når det gjeld det emnet finnest det flust av gode kjelder ein kan visa til.
«alle aspekt av det økonomiske livet vart styrt sentralt frå hovudstaden Moskva» er ei setning som sannsynlegvis er feil, men som me ikkje kan retta fordi me ikkje veit kor påstanden kjem frå og kva dei autoritative kjeldene eigentleg seier.
Under
Emigrasjon
: «antisionistiske kampanjar frå styresmaktene, på grensa til å vere antijødiske» er både unøytralt og upresist. Wikipedia kan ikkje forklara og har ikkje forklart kor grensa for å vera antijødisk går.
Under
Politikk
: «Partiet såg på seg sjølv seg som marxist-leninistisk (...)» Omgrepet marxismen-leninismen vart først brukt då Stalin overtok makta, og denne setninga må skrivast om dersom ho skal vera rett. Politikk-seksjonen bør skrivast på nytt. Det står til dømes ingenting om sovjeta, som var meint å vera det politiske fundamentet for samveldet, og som staten hadde namn etter.
Under
Økonomi
: «sentralstyrt økonomi – såkalla planøkonomi» - Planøkonomi er ikkje i seg sjølv verken meir eller mindre sentralstyrt enn marknadsøkonomi. Skilnaden er at planøkonomi er planstyrt, medan marknadsøkonomi er marknadsstyrt. Det er andre mekanismar som avgjer om økonomien er styrt lokalt eller nasjonalt.
Under
Utdanningssystem
: «Læreplanane i skulen var styrde frå sentralt hald» - Ikkje kontroversielt i det heile. Men er det noko å fortelja om? Gjeld ikkje dette alle land som har eit utdanningssystem?
Me treng fleire bakgrunnsartiklar. Det vert vist til utdjupande artiklar som ikkje finst og som neppe vert utdjupande på ei god stund, under mange av avsnitt-overskriftene. I tillegg bør forløparen
Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken
ha i det minste ein kort artikkel. --
Tannkrem
12. januar 2011 kl. 14:26 (CET)
svar
Hei Tannkrem, jeg kommer med noen kommentarer her siden jeg er hovedbidragsyter (ca. 80
% tenker jeg) på bokmålswikipedia:
Bøkene under «Bakgrunnsstoff» er ikke brukt som kilder til artikkelen, de ble faktisk lagt til etter at artikkelen var ferdigskrevet. Generelt om fotnotebruk/referanser: Jeg synes ikke 51 fotnoter i en artikkel på 120kB er ekstremt lite, selv om det er noe mindre enn hva jeg vanligvis legger meg på. Hvis det er spesielle opplysninger du lurer på hvor kommer fra er det god mulighet til at jeg kan finne frem til kilden, dersom det er i de delene av artikkelen jeg stod bak. Akkurat avsnittet om «Historie» var delvis der fra før jeg begynte å skrive, og er delvis hentet fra engelsk Wikipedia. I de oversatte delene har ikke tatt med referansene oppgitt på en.wiki, ut i fra prinsippet om å ikke oppgi referanser en ikke selv har lest og verifisert. (Hvor lurt sistnevnte er kan jo forsåvidt diskuteres, men selv føler jeg det gir en falsk trygghet å oppgi referanser man ikke har sett selv. Ingen referanse er bedre en en feilaktig referanse.)
Utdanning: Det er vel ingen selvfølge at læreplanene kommer fra sentralt hold? For eksempel i USA bestemmes disse på delstats- eller til og med på fylkesnivå. Jeg vet ikke helt hva som er den vanligste modellen rundt om i verden, men vi bør ikke automatisk anta at det vanlige er styring fra sentralt hold.
Til de andre punktene dine er jeg i det store og hele enig, og håper du kan rette opp det du synes er problematisk. Da skal jeg i såfall ta endringene over til bokmålswiki igjen (det er dette som er så fint med wiki-modellen
). Hilsen --
Kjetil_r
16. januar 2011 kl. 17:01 (CET)
svar
Når det gjeld kjelder så er litt av poenget nett dette at dei som har omsett artikkelen til nynorsk kanskje ikkje har lese kjeldene du har brukt. Ved eit tidlegare høve vart det oppdaga masse faktafeil i ein kandidatartikkel, etter gjentekne omsetjingar frå språk til språk (utan at det dermed er sagt at eg trur denne artikkelen har faktafeil). Dei fleste opplysningar er jo relativt ukontroversielle og treng ikkje eigen referanse, men det er ein fordel om ein leksikonlesar kan dobbeltsjekka informasjonen med eitt eller anna autoritativt verk ved behov. Dei andre innvendingane mine treng me, som du seier, berre litt godt gamaldags arbeid for å retta opp. Men det spørs om eg har tid med det første. --
Tannkrem
17. januar 2011 kl. 10:32 (CET)
svar
Røysting
endre wikiteksten
For
Omfattande og solid. --
Egil Arne
9. januar 2011 kl. 01:32 (CET)
svar
For
--
Trondtr
9. januar 2011 kl. 10:35 (CET)
svar
Imot
, iallfall inntil nasjonalsongen «
Hymne til Sovjetunionen
» får eigen artikkel. Eg går gjennom artikkelen no for å finna ut om eg elles er nøgd med artikkelen. --
Tannkrem
12. januar 2011 kl. 09:59 (CET)
svar
Endre
Overvak framlegg
Overvak artikkel
Framlegghistorikk
Artikkelhistorikk
Diskusjonssida til artikkelen
Sjå berre underside
Gode samfunnsartiklar
endre wikiteksten
Elsa Laula Renberg
endre wikiteksten
Kommentarar
endre wikiteksten
Artikkelen er omsett frå bokmål, kor han allereie er ein
anbefalt artikkel
Jon Harald Søby
diskusjon
12. oktober 2021 kl. 09:15 (CEST)
svar
Han ser ut til å oppfylla alle krava, bortsett frå å ha få raude lenkjer. Det ville vore bra om nokre av desse blei fylte ut, kanskje særleg dei om sentrale samiske organisasjonar og hendingar, som
Lapparnas Centralförbund
og
Samemøtet i 1917
. --
Ranveig
diskusjon
12. oktober 2021 kl. 11:34 (CEST)
svar
Røysting
endre wikiteksten
Endre
Overvak framlegg
Overvak artikkel
Framlegghistorikk
Artikkelhistorikk
Diskusjonssida til artikkelen
Sjå berre underside
Gode kulturartiklar
endre wikiteksten
Julesongar
endre wikiteksten
Kommentarar
endre wikiteksten
Han er god, har mykje blått og mange tilleggsartiklar. Eg veit ikkje heilt om han er klar, men nominerer han mest for å sjå kva de andre synest. Er han passeleg eller for lite omfattande? --
EIRIK
diskusjon
21. desember 2008 kl. 21:10 (CET)
svar
Historia til julesongane har fleire fasar, det kjem ikkje artikkelen ordentleg godt inn på. Det er meir å seie om 1900-talets nissesongar (som denne artikkelen unøyaktig har plassert på 1800-talet). Så fullgod er han ikkje enno. Men han har ein stilig tabell, der vi sjølve kan velje sorteringsparametrar. Om vi kan greie å gjere artikkelen betre utan at han vert unødig lang, vert han knallgod. --
Knut
21. desember 2008 kl. 21:49 (CET)
svar
Orsak? Kva er unøyaktig? Frå 1800-talet tok ein til å skriva sekulære julesongar i Europa, medan trenden tydelegvis nådde Noreg på 1900-talet. Eg synest også artikkelen er på god veg, men han treng songar frå fleire land. --
Ranveig
23. desember 2008 kl. 13:43 (CET)
svar
Setninga om nissesongane var unøyaktig før
denne
endringa. Med det internasjonale perspektivet som Ranveig har, er avsnittet kanskje like unøyaktig
etter
endringa. -
Knut
28. desember 2008 kl. 11:54 (CET)
svar
Jau, det blir litt feil. Men alle «tala» i desse avsnitta er litt forvirrande, så det er nok best om det heile blir skrive litt om. --
Ranveig
28. desember 2008 kl. 12:00 (CET)
svar
Vart det betre eller verre etter mi endring? --
EIRIK
diskusjon
14. januar 2009 kl. 18:31 (CET)
svar
Røysting
endre wikiteksten
For
stykkjet
30. mai 2009 kl. 01:37 (CEST)
svar
For
Knut
15. august 2009 kl. 20:34 (CEST)
svar
Imot
- det bør vel med meir om julesogar utanfor Noreg
--
For
--
Andreasv
1. desember 2009 kl. 22:04 (CET)
svar
Endre
Overvak framlegg
Overvak artikkel
Framlegghistorikk
Artikkelhistorikk
Diskusjonssida til artikkelen
Sjå berre underside
Roald Jensen
endre wikiteksten
Kommentarar
endre wikiteksten
Har ikkje lese gjennom denne artikkelen før! Han har lege her nokon år, men han har godt språk, fyldige kjelder, held seg til saka og er interessant å lesa. Det einaste han manglar er bilete. Eg meiner difor at dette er ein god artikkkel.
Moro! Eg skreiv i utgangspunktet denne artikkelen på engelsk wikipedia og når eg var sånn nokolunde nøgd vart den omsatt til nynorsk. Eg har leita etter bilete, men dette har vore resultatlaust. Dette er nok ein periode der det er svært vanskeleg å finna frie bilete til, men om nokon klarer det ville det vore veldig kjekt. Avsnittet om tida i Hearts kunne og vore meir fyldig. Her er dei norske kjeldene dessverre tynne, og eg har ikkje fått tilgang på sjølvbiografien.
Rettetast
3. juli 2011 kl. 15:02 (CEST)
svar
Ja, dette er ein velskriven artikkel (eg syntest han var spanande sjølv om eg ikkje er særleg interessert i fotball). Passe lang er han òg. Men dei raude lenkjene skjemmer litt, me burde kanskje få på plass nokre av dei først? --
Ranveig
7. juli 2011 kl. 23:10 (CEST)
svar
Dét er ein god idé.
HallvardLid
4. august 2011 kl. 12:33 (CEST)
svar
Røysting
endre wikiteksten
For
HallvardLid
12. mai 2011 kl. 00:20 (CEST)
svar
For
Trondtr
diskusjon
11. august 2019 kl. 20:35 (CEST)
svar
Endre
Overvak framlegg
Overvak artikkel
Framlegghistorikk
Artikkelhistorikk
Diskusjonssida til artikkelen
Sjå berre underside
Gode religionsartiklar
endre wikiteksten
Gode teknologiartiklar
endre wikiteksten
Lastebil
endre wikiteksten
Kommentarar
endre wikiteksten
Eg meiner dette kan bli ein god artikkel. Nokre fleire bør lese igjenom men utgangspunktet er framifrå. Artikkelen er lang, men han er godt avgrensa i tema.
Hogne
3. mai 2011 kl. 08:26 (CEST)
svar
Trur du har rett i at han kan bli god! Det eg ser, er at han treng ein gjennomgang på trykkfeil og skrivefeil fyrst. Deretter kan røystinga starta, etter mi meining!
HallvardLid
12. mai 2011 kl. 00:34 (CEST)
svar
Røysting
endre wikiteksten
For
Trondtr
diskusjon
11. august 2019 kl. 20:35 (CEST)
svar
Endre
Overvak framlegg
Overvak artikkel
Framlegghistorikk
Artikkelhistorikk
Diskusjonssida til artikkelen
Sjå berre underside
Gode vitskapsartiklar
endre wikiteksten
Moglege kandidatar
endre wikiteksten
Har du sett ein artikkel som er temmeleg god, men ikkje sikker på om han når heilt opp? Slit du med kandidatsystemet? Før han opp på denne lista og få andre til å gjera jobben!
Russisk kultur
--
90sveped
diskusjon
1. november 2021 kl. 23:46 (CET)
svar
Russisk mat
--
90sveped
diskusjon
1. november 2021 kl. 23:49 (CET)
svar
Henta frå «
Kategoriar
Kandidatar til Gode artiklar
Wikipedia/Gode artiklar
Wikipedia
Gode artiklar/Framlegg
Nytt emne