Wikipedia:Visste du at-arkiv – Wikipedia
Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
...
Bob Dylan
-songen
Murder Most Foul
i april 2020 vart den første songen hans som gjekk til topps på ei
Billboard-liste
i USA, 58 år etter den første utgjevinga hans?
... musikkalbumet
Chuck
av
Chuck Berry
kom ut i juni 2017, heile 38 år etter det førre albumet hans?
... flatmakken
Baracktrema obamai
blei oppkalla etter president
Barack Obama
som ei heidersgåve frå oppdagarane?
... berre 13
% av innbyggjarane i
Qatar
er nasjonale qatararar, medan resten er utanlandske arbeidarar?
... eit rekordkraftig
høgtrykk
over Skandinavia i oktober 2016 er knytt til uvanleg låge verdiar av
den arktiske oscillasjonen
... ei gruppe forskarar konkluderte med at
We Are the Champions
av
Queen
er den mest fengande songen i popmusikkhistoria?
...
librasjon
er små svingingar i rørsla til
månen
, som gjer at ein kan sjå meir enn halvparten av måneoverflata frå jorda?
... veka då
David Bowie
døydde i januar 2016, gjekk heile 19 av albuma og 13 av singlane hans inn på den britiske album- og singellista?
... byen
Ashkelon
i Israel, via det latinske namnet
Ascelonia
, har gjeve opphav til namnet på
sjalottlauken
... astronomen
Caroline Herschel
var den første vitskapskvinna som fekk betalt for arbeidet sitt?
...
Sirius
vil vere den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen dei neste 210
000 åra?
...
Love Hurts
, i Nazareth sin versjon, er den songen som har vore lengst på
VG-lista
Topp 10 med heile 61 veker, 14 av dei på toppen av lista?
... 3
000 år gamle bikubar i
Rehov
i Israel er dei tidlegaste spora som er funne etter biavl?
...
Byblos
truleg er den eldste byen i verda og at namnet via det greske ordet for papyrus var opphav til namnet på
Bibelen
...
rubinar
i røynda er eit
aluminiumoksid
farga raudt av små mengder
krom
...
petrichor
er namnet på lukta etter regn og hovudsakleg kjem av aktinobakteriar?
...
johannesbrødtre
har gjeve opphav til
måleininga karat
, fordi frøa frå treet har konstant vekt og difor vart nytta av tidlege apotekarar og juvelerar?
...
Ma'loula
er ein av berre tre landsbyar i verda der den vestlege dialekten av
arameisk
, som er dialekten som er nærast språket
Jesus
nytta, framleis vert tala?
...
Grautfatet
ligg ved sida av
Grautskåla
...
Don Juan Pond
Antarktis
er den saltaste innsjøen i verda med eit saltinnhald på 40
%, som gjer at han sjølv i temperaturar ned mot -50 ºC ikkje frys til is?
...
Una's Tits
, eller «Puppene til Una» på norsk, er det offisielle namnet på to høge, spisse klipper i Antarktis?
...
Lambertbreen
i Antarktis er den største isbreen i verda med ei lengd på 400 km og ei breidd på 100 km?
...
snøballjorda
er ein teori om at jorda for opp under éin milliard år sidan kan ha vore fullstendig dekt av is og snø?
...
Larsen B-isen
, ein over 3250 km² stor
isbrem
i Antarktis, forsvann på berre tre veker i 2002, etter å ha lege stabil i minst 12
000 år?
...
havnivået endrar seg
med kring 3 mm per år, noko som er venta å auke raskt i framtida?
...
Damestenen
veks kvar gong han luktar nybakt brød?
... ein kan sjå eit lys om ein gnir to sukkerbitar mot kvarandre i mørkret, ein effekt kalla
triboluminescens
... måleininga
mil
stammar frå den romerske måleininga
passus
eller
dobbelskritt
, der
milia passum
syner til «tusen skritt»?
... to forskjellige versjonar av
You've Lost That Lovin' Feelin'
, originalen til The Righteous Brothers og ein versjon av Cilla Black, samstundes låg inne på Topp 5 på singellista i Storbritannia tidleg i 1965?*...
vårlauk
er ei nemning for matlauk hausta tidleg, før laukdanninga er blitt markert.
... det stod ei flaggstong midt på fotballbanen på
Sandvika stadion
(tidlegare
Kadettangen stadion
) den første tida det vart spelt fotballkampar der?
...
Noregs Fotballforbund
mottok 158
000 skriftlege søknadar frå folk som ville ha billett til
cupfinalen i 1945
... fram til 1972 fekk ikkje lag frå Nord-Noreg lov til å spele i
den norske eliteserien i fotball
, og fram til 1. divisjon starta i 1963 heller ikkje lag frå Sogn og Fjordane?
... afrikanskfødde
Septimius Severus av Romarriket
snakka
latin
med aksent?
...
Okloreaktoren
Gabon
er den einaste naturleg
kjernereaktoren
ein kjenner til og at han for 1,7 mrd. år sidan skapte like mykje energi som eit moderne kjernekraftverk gjer på 10 år?
... ordet «
avokado
» stammar frå
nahuatl
-ordet
ahuacatl
som også tyder ‘
testikkel
’?
...
Vinson Massif
er det høgaste fjellet i
Antarktis
(4
892
moh), men vart først oppdaga i januar 1958?
... fordi eit
takyon
, om det finst, flyttar seg
raskare enn lyset
så kan me ikkje sjå når det kjem, men etter at det har passert vil me kunne sjå to bilete av det som går i kvar sin retning bort frå oss?
... songen
Computer Love
av tyske
Kraftwerk
frå 1981 vart nytta som grunnlag for melodien i
Coldplay
-songen «Talk» i 2005?
... nordmannen
Nicolai Hanson
var den første personen som omkom og vart gravlagd på
Det antarktiske kontinentet
, under
Southern Cross-ekspedisjonen
i 1898?
...
Jøkulkyrkja
Antarktis
med ei høgd på 3
148
moh er det høgaste fjellet i
Dronning Maud Land
og dermed områda som vert rekna til kongeriket Noreg?
... det var den engelske legen
William Gilbert
som på 1500-talet gav namn til
elektrisitet
, kalla opp etter electron, det latinske namnet for
rav
...
Commonwealth Bay
i Antarktis er den mest forblåste staden i verda med ein årleg middelvind på 22 m/s (80 km/t,
liten storm
) og vindar ofte over 66 m/s (240 km/t)?
... eit fransk mannskap som forliste ved og stranda på
Crozetøyane
i 1887 klarte å feste ei melding til ein albatross, som vart funnen sju månader seinare i Australia? Mannskapet vart likevel aldri berga.
... Caroline Mikkelsen, kona til kvalfangarkapteinen
Klarius Mikkelsen
, var den første kvinna som nokon gong sette fot på
det antarktiske kontinentet
...
Slavutytsj
er ein by i
Ukraina
som vart bygt for å huse alle som flytte ut av evakueringssonen etter
Tsjernobylulukka
... ein togstasjon meint for
Alexandria
Egypt
i 1906 feilaktig vart bygd i den tyrkiske byen
Dalaman
... at det finst ein by i Tyrkia som heiter
Batman
... etter å ha leita etter det sidan 1963 vart det 4. juli 2012 stadfesta at
Higgs-bosonet
er funne i
CERN
i Sveits?
...
Ragundasjön
er ein tidlegare innsjø i Sverige som vart tømd på katastrofalt vis i 1796?
...
Neft Daşları
er ei gruppe kunstige øyar og eit oljefelt i
Kaspihavet
utanfor
Baku
Aserbajdsjan
, hovudsakleg bygd opp i 1950-åra, med ein fullt utvikla by?
... det i mineral funnen i
Ytterby gruve
i Sverige på 1700-talet vart oppdaga ikkje mindre enn sju nye grunnstoff, og at fire av desse,
erbium
ytterbium
terbium
og
yttrium
, alle er kalla opp etter gruva?
... grensa mellom Finland og Sverige vart trekt mellom mellom to øyar i Bottenviken i 1809, men at desse øya sidan har vorte til den enkle øya
Kataja
på grunn av
landheving
... mjølkesjokoladen vart oppfunnen i
Vevey
i Sveits av Daniel Peter i 1875?
... vatn som renn av fjellet
Piz Lunghin
Sveits
kan hamne anten i
Nordsjøen
Middelhavet
eller
Svartehavet
via høvesvis
Rhinen
Po
og
Donau
...
Lac souterrain de Saint-Léonard
er den største underjordiske innsjøen i Europa med ei lengd på 300 m?
... demninga
Grande Dixence
i Sveits er den høgaste i Europa med ei høgd på 285 meter?
... forfattaren
Daniel Defoe
la føringar for
spionasje
som sidan danna grunnlaget for dagens britiske Secret Service?
... mellomdistanseløparen
Audun Boysen
sette sin langvarige rekord på 800 meter i eit løp han ikkje vann?
... det norske rockebandet
Dum Dum Boys
er kalla opp etter ein
Iggy Pop
-song frå albumet
The Idiot
...
Westward Ho!
, kalla opp etter ein Charles Kingsley-roman, er den einaste staden i Storbritannia med utropsteikn i namnet?
... forfedrane til
George Washington
utvandra frå
Washington i Tyne and Wear
i England fordi dei ironisk nok var
rojalistar
...
slaget ved Almansa
under
den spanske arvefølgjekrigen
truleg var det einaste slaget i historia der dei britiske styrkane kommandert av ein franskmann kjempa mot dei franske styrkane kommandert av ein brite?
...
Led Zeppelin
-songen
D'yer Mak'er

engelsk
vert uttalt på same måte som
Jamaica
dʒəˈmeɪkə
) og viser til ein gammal vits?
... det finst eit
ironiteikn
med form som eit omvendt
spørjeteikn
... den første
mandsjukeisaren
som herska over heile
Kina
kom til makta sju år gammal?
...
eddik
kan lagast av ulike alkoholdrikkar og eddiksyrebaktriar, slik at ein mellom anna kan få
vineddik
spriteddik
frukteddik
øleddik
og
malteddik
... blomen
aurikel
har namn frå latin
auricula
som tyder 'lite øyre'?
...
balsa
er rekna som eit av dei lettaste trevirka i verda?
...
itacolumitt
er ein bergart som er så fleksibel at tynne heller av han kan bøyast utan at dei sprekk?
...
xantofyll
står bak
gulfargen
til
eggeplommer
og
haustlauv
... det amerikanske folkrockbandet
Buffalo Springfield
vart kalla opp etter produsenten av ein
dampvegvals
som tilfeldigvis stod utanfor huset til eit av bandmedlemmene?
... den kanadiske rockeartisten
Neil Young
i 1983 vart saksøkt av
Geffen Records
fordi han ikkje høyrtes ut som Neil Young?
... den norske presten
Mikkel Escholt
, som levde på 1600-talet, var den første i verda til å bruke ordet «
geologi
» i den moderne tydinga av ordet?
... under ei framsyning av ein opera av
Francesco Cavalli
Paris
, vart det dansa til ein
ballett
av
Jean-Baptiste Lully
i pausane, der
Ludvig XIV av Frankrike
hadde danserolla som
sola
, og at han etter dette vart kalla «solkongen»?
... det står eit fullt møblert busskur på øya
Unst
Shetlandsøyane
med mellom anna sofa og fjernsyn?
... øya Eilean-a-beithich i
Slate Islands
Skottland
forsvann fordi det vart brote for mykje stein der?
...
Isle of Ewe
Hebridane
Skottland
er eit populært reisemål for kjærastepar fordi uttalen liknar særs mykje på
I love you
...
Joseph Haydn sine symfoniar
tel 108 som har overlevd fram til vår tid, og har gjeve han tilnamnet «
symfonien
sin far»?
...
den heilage Hallvard
ifølgje soga vart drepen med tre pilar og søkkt med ein mylnestein om halsen, men flaut seinare opp med frisk hud og ein levande vidjekvist ved halsen?
...
runer i Hagia Sofia
syner at norrøne reisande laga
graffiti
medan dei oppheldt seg i
Miklagard
...
geil
er eit namn på fegate som har gjeve opphav til norske
stadnamn
...
Portsea Island
er den tredje mest folkerike av
Dei britiske øyane
etter
Storbritannia
og
Irland
...
Mull of Kintyre
er ein av to stader på
Dei britiske øyane
der ein frå land kan sjå
Storbritannia
og
Irland
samstundes?
...
himmelen
er
blå
på grunn av
rayleigh-spreiing
av
sollys
atmosfæren
... den
spanske
byen
L’Hospitalet de Llobregat
har den høgaste
folketettleiken
i heile
Den europeiske unionen
med nesten 21
000 innbyggjarar per
km²
... symbolet til
Campaign for Nuclear Disarmament
frå 1958 seinare vart det kjende universelle fredssymbolet?
...
Little Deuce Coupe
og
Surfer Girl
, to album av
The Beach Boys
, vart gjeven ut med berre ein månads mellomrom i 1963?
...
skjelgribben
har vore observert i høgd på 11
300
moh
...
kinasjakk
ikkje kjem frå Kina, men vart oppfunne i Tyskland i 1893, under namnet «Stern-Halma»?
...
zirkon
er det eldste
mineralet
ein kjenner til, 4406±8 millionar år gammalt?
...
tyrannar
er den største gruppa av fugleartar som er samla i ein familie i verda?
... i
Sierra Nevada i Spania
på 37 ºN ligg det sørlegaste skisenteret i Europa?
...
Vesle Donau
er ei grein av
Donau
Slovakia
som renn tilbake i Donau via elva
Váh
...
skjelgribben
har vore observert i høgd på 11
300
moh
...
Green Park
Hyde Park
Kensington Gardens
og
St. James's Park
er fire parkar som dannar ei
grøn lunge
i det sentrale
London
... eit
enkeltpersonføretak
sitt føretaksnamn må innehalde eigaren sitt
slektsnamn
...
Kepler-teleskopet
er eit
NASA
-romteleskop og -fotometer som skal leita etter
jordliknande
planetar?
... songen
«Happy»
av
The Rolling Stones
hovudsakleg blei skriven i ein villa sør i Frankrike og spelt inn i kjellaren?
...
Windows 1.0
var første forsøket til
Microsoft
på eit grafisk brukargrensesnitt for
PC
som kunne køyre fleire oppgåver (såkalla multitasking) samstundes?
... garden
Listveiten

Radøy
var delt opp til sju småbruk frå 1800-talet før han etter 1950 på nytt blei samla til eitt bruk?
...
dvergsvana
vert rekna som den fuglearten med flest
fjør
, i gjennomsnitt over 25
000?
...
Magas
, hovudstaden i
Republikken Ingusjetia
, er den minste byen i heile Russland med berre 354 innbyggjarar i 2008?
... den minste fuglen i verda er
bikolibrien
med ein masse på omlag 1,8 gram? Den største kolibriarten, kjempekolibrien, veg ti gonger meir.
... jordsmonnet ved
Norilsk
Sibir
er så forureina at det er økonomisk forsvarleg å vinne ut førekomstar av
platina
og
palladium
frå jorda?
... sjukdommen
pest
, som låg bak
Svartedauden
i Noreg, framleis har ein
insidens
på ni tilfelle pr. 100 000 innbyggjarar på
Madagaskar
... det er framsett mange
konspirasjonsteoriar
som hevdar at
månelandingane aldri skjedde
... den spanske admiralen
Blas de Lezo
vart kalla «halvmannen» (
mediohombre
) fordi han i tre forskjellige militære slag mista venstrefoten, venstre auga og høgre armen?
...
slaget ved Cartagena de Indias
i 1741 var den største militære operasjonen til sjøs før
D-dagen
i 1944 og involverte mellom anna 186 britiske skip?
...
Petropavlovsk-Kamtsjatskij
lengst aust i
Russland
er den nest største byen i verda som ikkje har vegsamband til resten av verda?
… då
Paris-Madrid-løpet
for bilar og motorsyklar i 1903 vart stogga ved
Bordeaux
, var 8 personar omkomne og halve feltet hadde havarert?
… småbarnsmora
Birgitte Cathrine Boye
, kjend som «kvinna med
høgtidsversa
», skreiv 146 salmar til
salmeboka
som vart autorisert i 1778?
Ulan-Ude
er eit knutepunkt mellom
den transsibirske
og
den transmongolske jernbanen
Øvre Årdal
sokn
vart oppretta samstundes med at soknekyrkja
Farnes kyrkje
stod ferdig?
… under filminga av
filmen Max Manus
2008
vart Nazi-Tyskland sitt flagg heisa på taket på
Stortinget
fyrste gong på over 60 år?
...kong
Fredrik den store
av
Preussen
under
slaget ved Leuthen
slo den 80
000 mann store
austerrikske
hæren med ein hær som var under halvparten så stor?
...ein av dei varmaste
kvite dvergane
som ein kjenner til ligg i den
planetariske tåka
NGC 2440
, og at han har ein overflatetemperatur på nesten 200 000
°C
...at
Sogn og Fjordane
er venskapsfylke med den kinesiske provinsen
Ningxia
...at det er ei
fyrlykt
i tårnet på
Fredrikstad domkyrkje
...
Kråkenes fyrstasjon
er så utsett for
vêr
og
vind
at målingsprodusenten Jotun testar ut
måling
her?
...songen
Can’t Buy Me Love
av
The Beatles
var ein av fem singlar av gruppa som samstundes låg på dei fem øvste plassane på den amerikanske singellista i 1964?
...
Chuck Berry
har vore dømd til
fengsel
tre gonger, ein gong for
væpna ran
, ein gong for
menneskehandel
og ein gong for
skattesnusk
...ein av dei varmaste
kvite dvergane
som ein kjenner til ligg i den
planetariske tåka
NGC 2440
(bilete), og at han har ein overflatetemperatur på nesten 200 000
°C
...
havoverflatetemperaturen
tropane
krittida
truleg var så varmt som 42 ºC på det varmaste, 17 ºC varmare enn i dag?
...
oksygenkatastrofen
tok livet av nesten alt liv på jorda for 2,4 milliardar år sidan på grunn av det oppstod
oksygen
, som vart giftige for organismane på den tida, i
atmosfæren
...den totale eksplosive energien utløyst av dei 224 atomprøvesprengingane på
Novaja Zemlja
tilsvara 265 megatonn
TNT
, samanlikna med berre totalt to megatonn for samtlege eksplosiva nytta under
andre verdskrigen
...det fanst
mammutar

Wrangeløya
fram til 1700 f.Kr., dei sistlevande mammutane ein kjenner til?
...
Severnaja Zemlja
, ei
russisk
øygruppe nord for
Sibir
med nokre av dei større øyane i verda, først vart oppdaga i
1913
og dermed vart det siste store landområde som vart oppdaga på jorda?
...Ringnesøyane i den
russiske
øygruppa
Monaøyane
er kalla opp etter det norske bryggeriet
Ringnes
...ein reknar med at delar av den 280 000
lysår
lange halen til
Rumpetrollgalaksen
etter kvart vil brekka av og danna nye galaksar som vil krinsa rundt modergalaksen?
...
Timişoara
i dagens
Romania
, den gong i
Austerrike-Ungarn
, i november
1884
vart den første byen i
Europa
som fekk elektriske gatelys?
...
Ceauru
er namnet på ein
kunstig innsjø
Romania
som styresmaktene vart lurt til å tru stod ferdig i 1968 og trass i at han aldri vart bygd så er han framleis teikna inn på kart over området i dag?
...øya
Ada Kaleh
Donau
var ein
tyrkisk
enklave
Romania
fram til
1923
og at ho i 1970 vart lagt under vatn då
Jernporten
vart bygd?
...då
Spania
sitt herrelandslag vann
EM i fotball 2008
var dei det andre laget i historia som klarte å vinne alle kampane i sluttspelet?
...
temperaturen
London
midtvinters er om lag fem
grader
høgare enn i
områda
rundt, grunna all
varmen
storbyen genererer?
...
Skulesongboka
til
Mads Berg
er trykt i ein million eksemplar sidan ho fyrste gongen vart utgjeven i 1914?
...vatnet i
Engavatnet
Brønnøy
stundom kan forsvinne heilt på grunn av
grottesystem
under vatnet og at dette kan skje så raskt at
fisk
vert liggande igjen på botn?
...
Christian Reithmann
fann opp
firetaktsmotoren
i 1860, 17 år før
Nikolaus August Otto
, som òg tok patent på oppfinninga?
...elva
Rawa
Polen
visstnok var så forureina tidleg i
1990-åra
at ho berre inneheldt 14
% vatn då ho rann ut av
Katowice
...
Oppstadåa
Hedmark
er ei av to
elvar
Noreg
som kan renne begge vegar?
...vatnet i
Engavatnet
Brønnøy
stundom kan forsvinne heilt på grunn av
grottesystem
under vatnet og at dette kan skje så raskt at
fisk
vert liggande igjen på botn?
...
Femunden
var nest største
innsjø
Noreg
fram til
Røssvatnet
vart regulert i
1957
...
Parasittiske
larver av
taglmakk
kan påverka vertane sine til å drukna seg når larveutviklinga er ferdig?
...
Vefsnfjorden
er den første forureina
fjorden
i Noreg som etter aktivt miljøarbeid har vorte friskmeld av
Mattilsynet
...
Karmsundet
på austsida av
Karmøy
og nord til
Haugesund
tidlegare vart kalla «Nordvegen» og at dette truleg var opphavet til namnet «
Noreg
»?
...ein
glødelampe
stråler ut 10
000 gonger så mykje
varmestråling
per
areal
som ein lekam med
romtemperatur
...det første huset i
Almere
vart bygd i
1976
, men at byen i dag likevel er den åttande største i
Nederland
med 180
000 innbyggjarar?
...det tok åtte år å forhandle fram
freden i Westfalen
, fredsavtalen som enda
tretti-
og
åttiårskrigen
...skipet i domkyrkja i
Utrecht
kollapsa då byen vart råka av ein
tornado
1674
...berre fluger av slekta
Chiastocheta
greier finne vegen mellom blomsterblada slik at dei kan pollinere
ballblomen
...den kunstige øya
Ada Bojana
på nesten 5 km² i
Montenegro
vart danna då eit skip sokk ved munningen av elva
Bojana
og avleiringar samla seg kring skipet?
...somme
termofile
mikroorganismar som lever i varme kjelder kan veksa ved temperaturar på så mykje som 121°C?
...
Valletta
, hovudstaden på
Malta
, berre er den 27. største
byen
i landet?
...
Ġgantija
med ein alder på meir enn 5500 år er dei eldste frittståande strukturane, og dei eldste religiøse byggverka i verda, sjølv eldre enn
pyramidane i Egypt
og
Stonehenge
...
ekstremvêret Tuva
var det første som råka kyststrekninga frå
Agder
til
svenskegrensa
sidan
Gudrun
i januar 2005?
...hovudbelteasteroide
116 Sirona
er kalla opp etter den keltiske gudinna for
astronomi
...
hundedagane
har fått namnet sitt frå hundestjerna?
...det er påvist at menneskele har brukt
eld
i minst 300
000 år?
...
luxembourgsk geografi
, trass i storleiken på landet, er variert og inneheld viktige verneområde?
...vengene til
humla
ber ho fordi vengene går som propeller som både gir kraftig oppdrift og framdrift. Dette gjer at ho òg kan bere pollenkorger på føtene.
...
Liechtenstein
og
Usbekistan
er dei einaste landa i verda utan kyst som grenser til andre land som heller ikkje har kyst?
...namnet på den nye samiske dagsavisa som blir resultatet av samanslåinga av
Min Áigi
og
Áššu
vart kunngjort
18.1
? Den nye avisa skal heite
Ávvir
, og ho skal kome ut til
Samefolkets dag
6. februar
...den vel tusen kilometer lange elva
Tsju
Kirgisistan
og
Kasakhstan
ikkje munnar ut i ein innsjø eller ei elv, men berre tørkar ut på den kazakhstanske
steppa
...
Aralsjøen
tidlegare var den fjerde største innsjøen i verda, men no berre er 25
% av den opphavlege storleiken og delt i tre mindre innsjøar?
...byen
Pistoia
Italia
har gjeve namn til
pistolen
, som ein produserte her på
1500-talet
Sjå òg
Wikipedia:Visste du at-arkiv 2004-2007
Henta frå «
Wikipedia
Visste du at-arkiv
Nytt emne